Spelemidler til friluftstiltak - Korleis!
Friluftsorganisasjonane i Forum for Natur og Friluftsliv i Møre og Romsdal søkjer no å vise korleis ein kan søkje om midlar frå spelemidla til anlegg for friluftsliv. I fyrste omgong er det laga døme på korleis utarbeide søknader knytt til turstiar og turvegar. Her har vi lagt ut eit døme på ein godkjend søknad, Tursti Tangen. Fleire døme kan du finne her på heimesida til Forum for Natur og Friluftsliv; http://www.fnf-nett.no/moreogromsdal/ For meir informasjon om korleis du kan søkje, ta gjerne kontakt med Friluftsrådet.
Tursti Tangen.pdf

Kajakk i haustferien
Er du mellom 12 og 17 år? Nytt dette høve til å få låne deg ein kajakk og fare på padletur i skodjevika!

Segling med Sunnmørsåttring i haustferien!
Sunnmørsåttringen
Er du mellom 12 og 17 år så nytt denne sjansen til å bli med på segltur med Sunnmørsåttringen.

Frisbee i haustferien!
Måndag 03.oktober er det introduksjonskurs i Frisebeegolf på Årneset i Volda. Fredag 07.oktober kjem ein av dei beste utøverane i landet og held kurs i freestyle og Utimate på Gymsalen i Sula ungdomsskule
freestyle_haustferien.pdf

Naturlosavisa 2011
I årets avis funn du turar eigna for både store og små. God Tur!

Årets friluftskonferanse - Ålesund 16-17.juni
Friluftsrådet inviterer til årets friluftskonferanse.
Konferansen vert halde i Ålesund 16-17.juni.
 
Under konferansen vert og 25års-jubileet til
Friluftsrådenenes Landsforbund markert.
Landsforbundet vart stifta i nettopp Ålesund.
 
Velkomen til to dagar med interesante
foredrag og spennande synfaringar!
Program Landskonferanse friluftsliv 2011 - Ålesund 16-17.juni.pdf

67.000 kroner til løypekøyring
Styret i Friluftsrådet har gjort vedtak om å støtte oppkøring
av skiløyper i 2010 med heile 67.000 kroner. Dette er ei auke
på 27.000 kronar frå 2009. Auka skuldast den flott vinteren
og det gode arbeidet som vart gjort for å leggje til rette for
vinteraktivitet.
 
Bilete viser skiløypa frå Overøye til Storvasshytta i Stordal kommune

Friluftslivets Veke 4-12.september
Laurdag 4.september inviterer Friluftsrådet til opning
av Friluftslivets Veke med ein familiedag på Svinøya.
 
I denne veka vil vi sette fokus på at 2010 er
naturmangfaldåret. Det vert vandringar med dette i
fokus i Makkevika naturreservat, Lerstadvatnet og
på Solnør Gard.
 
Programmet for veka finn du her. (2.09.2010)
 
Friluftsrådet 010910 - Annonse Friluftslivets Veke 2010.pdf

Markering av Biomangfalddagen 20.mai
Friluftsrådet markerer den
internasjonale Biomangfald-
dagen saman med elevar og
lærarar frå klasse 2A ved
Voldsdalen skole i Ålesund.
 
Saman med Friluftsrådet sin
Fagleiar Aktivitet, 
Christer Lundberg Nes,
vil ein utforske noko av
artsmangfaldet i skulen sitt
nærmiljø.
(19.5.2010)  

Friluftsrådet i Norge i dag på NRK tysdag 13.april

Skibru på Ørskogfjellet er øydelagt!
Friluftsrådet si bru over Måslielva på Ørskogfjellet har vorte øydelagt av isgang i elva.
 
Det gjer at denne ruta frå Ørskogfjellet over til Kvanndalen og Vaksvika no ikkje er tilgjengeleg.
 
Er Høgsvora turmålet så vil vi anbefale at ein startar frå Vaksvikfjellet. (25.03.2010)

Årsmøte i Friluftsrådet
Årsmøte i Friluftsrådet vert halde på Friheim i Langevåg onsdag 24.mars klokka 18.00. Saksliste og framlegg til årsmelding for 2009 kan ein lese her. (23.3.2010)
Saksliste til årsmøte 2010.pdf
Årsmelding 2009.pdf

Fantastiske forhold i skiløypene
Det er no fantastiske forhold i skiløypene i vår region. Ta turen ut og prøv løypene på Ørskogfjellet, Vaksvikfjellet, omkring Mevatn og Svartløken eller på Overøye i Stordal.  
 
Meir kan du lese i vedlagt pressemelding. God Tur! (26.02.2010) 

Innleia vinterferien med Friluftsrådet på Overøye
Måndag innleia om lag 20 ungdommar vinterferien med å delta på Friluftsrådet sin aktivitetsdag på Overøye i Stordal. Tema og fokus denne dagen var laussnøkøyring og skred. Til å hjelpe oss med dette fekk Friluftsrådet god hjelp av dyktige instruktørar frå ÅST UNG (ungdomsgruppa i Ålesund og Sunnmøre Turistforening), Aalesunds Skiklub og Spjelkavik Røde Kors. Arena Overøye stilte opp med gratis heiskort til deltakarar og instruktørar.
 
Ungdommane fekk denne dagen tips om ruteval og skiteknikk når ein er på tur og køyrer laussnø. Dei fekk og prøve ut bruk  av utstyr som sendar-mottakar, søkestong og spade. Dette er særs viktig utstyr å ha med seg og kunne bruke både når ein er på bratte turar og når ein køyrer off-piste i tilknyting til alpinanlegga våre.
 
Friluftsrådet vil takke ungdommane og samarbeidspartane for ein flott dag på Overøye. (23.02.2010)

Møtebok frå styremøte 2.februar 2010
Møteboka frå styremøte er no lagt ut under styremøte.
(19.02.2010)

God påmelding til vinteraktivitetsdag på Overøye
Måndag den 22.februar, i vinterferien, arrangerar Friluftsrådet
vinteraktivitetsdag for ungdom på Overøye i Stordal.
 
I samarbeid med Spjelkavik Røde Kors, Ålesund og Sunnmøre
Turistforening siungdomsgruppe, Aalesunds Skiklub, Volda og
Ørsta Skredgruppe vert det fokus på snø, aktivitet og skred.
(16.2.2010)
 
 
Prøve på UNG skred og offpiste.pdf

Vinteraktivitet på Sunnmøre Museum
Friluftsrådet og Sunnmøre Museum inviterte
skulane til to dagar med vinteraktivitetar
på museumsområde i Borgundgavlen i veke 6.
 
Om lag 70 elevar frå Voldsdalen skule og
Larsgården skule deltok. I vinterveret vart
det både aking, trugevandring og
utprøving av sendar-motakar.
 
Friluftsrådet er godt nøgde med dagane og
samarbeidet med Sunnmøre Museum.
(16.2.2010) 

Flotte forhold i skiløypene på Vaksvikfjellet
Friluftsrådet har i dag testa forholda i langrennsløypene
på Vaksvikfjellet. Sjølv om det er mildt nede i bygda er det
flotte forhold oppe i løypene. Litt nysnø i sporet har gjort dei
mjuke og fine. Det er berre å ta fram skiene og ta turen ut.
(19.01.2010) 

Samarbeidsavtale med Devold
Friluftsrådet har inngått samarbeidsavtale med den lokale
produsenten av ullkle, Devold of Norway AS. Gjennom denne
avtalen skal Friluftsrådet blant anna bidra til å fremje
helsebringjande friluftsaktivitet hos dei tilsette i Devold of
Norway AS. Friluftsrådet ser fram til å arbeide saman med
Devold i friluftslivsarbeidet.
(15.01.2010)

85.000 kroner fordelt til lokale tiltak
Styret i Friluftsrådet har for 2009 fordelt til saman 85.000 kroner til lokale tiltak
i regi av lag og organisasjonar. Dei tiltaka som no har fått midlar er;
 
40.000 kroner til oppkøyring av skiløyper
10.000 kroner til opprusting av sandvollyballbane i Vestrefjord i Haram
10.000 kroner til  benkar ved Kongshaugen på Valderøya i Giske
10.000 kroner til turveg mm til Severinbrauta i Norddal
10.000 kroner til parkeringsplass i Gjersetdalen i Haram
  5.000 kroner til turkasser i Ørskog
(18.12.2009)

50 år med sikring i Møre og Romsdal
I 1959 sikra Ålesund kommune med bidrag frå staten Stafsethneset
som statleg sikra friluftsområde. Denne ordninga vart innført eit år
tidlegare. Saman med Molde kommune si sikring av Lubbenes-Retiro
var dette starten på eit sikringsarbeid som per i dag har ført til at det er
om lag 120 sikra friluftsområde i Møre og Romsdal.
 
(15.12.2009)
12.15.09. Pressemelding - 50års jubileum for sikringsarbeidet i MogR.doc
Utkast til informasjonstavle for Stafsetneset friluftsområde i Ålesund.pdf

Tiltakspakka for friluftsliv ga produktutvikling!
Regjeringa si tiltakspakke til friluftsliv har ført til utvikling av eit
heilt nytt konsept for toalett i friluftsområde.
 
Gjennom tiltakspakka fekk Friluftsrådet tilsegn om midlar til
heile fem toalett. Dette førte til kontakt med A-plast, ein lokal
bedrift på Håjem i Skodje kommune. Samarbeidet har ført til
utvikling av eit "plastbasert" toalettbygg med intergrerte tankar
i fundamentet, vassklosett og lys. Toalettet er eit Jets vakumtoalett
og det heile vert drive av eit integrert solcelleanlegg i taket på bygget.
 
Det fyrste av dei fem toaletta kom på plass i Murvika friluftsområde
i Skodje kommune i haust.
 
 
Front toaletthus.pdf
Bak toaletthus.pdf

I Olav Digre sine fotspor - ein suksess!
Skuleopplegget "I Olav Digre sine fotspor i veke 36 vart ein suksess.

I alt 6 skular i fem av Friluftsrådet sine medlemskommunar fekk besøk
av høvding Arve og skalden Skafti frå Møre Frie Vikingar. Her fekk elevane
og lærarane lære om vikingane. Olav Digre og ikkje minst prøve ut korleis
det var å vere viking.

Springing med utstyr som brynje, laging av mat, skyting med pil og boge
var noko av det som sto på programmet.

Friluftsliv eit tverrpolitisk satsingsområde
Friluftsrådet har motteke svar frå fleire av stortingskandidatane på
våre spørsmål ikring friluftsliv og folkehelse, drift av friluftsområde og
friluftsliv og born og unge.
 
Svara frå SV, V, H og FRP gjev håp om at friluftslivet er eit av
satsingsområda i åra framover.Svara kan du finne her!
(11.09.2009)

SV sin toppkandidat kjapt ute med svar på dei friluftspolitiske utfordringane!
Bjørn Jacobsen, SV sin toppkandidat i Møre og Romsdal, brukte nøyaktig 57 minutt frå vårt brev var sendt ut til svaret på dei friluftspolitiske utfordringane var returnert!
 
Kjapt levert!

Friluftspolitiske utfordringar - Brev til stortingskandidatane
Friluftsrådet har i dag sendt brev til dei største partia i Møre og
Romsdal sine toppkandidatar til Stortingsvalet med nokre spørsmål
ikring dei friluftspolitiske utfordringane.
 
Spørsmåla gjeld utfordringar inna områda friluftsliv og folkehelse,
drift av friluftsområde og barn og unge. Brevet kan du sjå her!
(25.08.09)

Aktivitetsarbeid i "hundre"
No er ferien over og Friluftsrådet sitt aktivitetsarbeid er godt i gong.
 
Torsdag 6.august hadde Friluftsrådet ansvar for eit opplegg for NOVU,
eit nordisk vennskapsbysamarbeid. Om lag 40 ungdommar frå Noreg,
Sverige, Danmark, Finland og Island var med Friluftsrådet, Sunnmøre
Kystlag og Sunnmøre Museum ut på Hundsvær.
 
Torsdag 13.august var vel 60 lærarar frå Haram kommune på kurs i
"Læring i Friluft".
 
Utover hausten står soppkurs for lærarar på  planen, medan
479 7.klassingar med lærarar er påmeldt til "Vel hjem med sjøvett"
på Sunnmøre Museum 7-15.september. l veke 38 får seks skular
vitjing av "Sunnmøre Frie Vikingar" som er på tokt for Friluftsrådet
med opplegget "I Heilag Olav sine fotspor.

Naturlos 2009
Naturlosprogrammet for 2009 er no klart. !
Programmet finn ein ved å gå inn på Naturlos. Friluftsrådet håper så mange
som mogleg finn ein eller fleire spennande natur- og kulturvandringar som passer for seg.
God tur og god sommar.
 
NB! Ein feil i programmet; Tafjordmartnan er 11-12.juli og turen til Flyene er sundag 12.juli!

5,3 millionar til friluftstiltak i Møre og Romsdal
Direktoratet for Naturforvaltning har no gjort fylkesvis
fordeling av 57 millionar til tiltak i statleg sikra friluftsområde
for 2009. 22 millionar er ordinære midlar medan 35 millionar
er gjennom regjeringa si ektraordinære tiltakspakke.
Møre og Romsdal Fylke har fått 1,1 millionar i ordinære midlar
og 4,2 millionar i ekstramidlar. Møre og Romsdal er ein av
"vinnarane" når det gjeld desse midla.

Tiltakspakker til Friluftsliv - tiltak for 5,6 millionar i medlesmskommunane
Regjeringa har foreslått å løyve 35 millionar ekstra til tiltak i statleg sikra friluftsområde,
som ein del av tiltakspakka for å motverke arbeidsløyse o.l pga av finanskrisa.
 
Friluftsrådet har no sendt søknad til Møre og Romsdal Fylke om midlar til tiltak i
statleg sikra friluftsområde i medlemskommunane. Friluftsrådt søkjer om eit rammetilskot
med utgangspunkt i ei tiltaksliste med totalkostnad på 5,6 millionar kroner.
 
Lista gjeld i alt 20 av 29 statleg sikra friluftsområda og tiltaka er blant anna informasjon,
toalett, parkeringsplassar, universell utforming (03.02.2009)

Fredning av Skodjebruane - statleg sikra friluftsområde?
Møre og Romsdal Fylke har no varsla oppstart av
arbeid med fredning av Skodjebruene i Straumen i Skodje kommune.
Etter opninga av nybrua over Straumen er den
gamle vegen vorte gang og sykkelveg. Vegen
med bruane er eit flott byggverk og kulturminne.
I samband med oppstart av fredningssaka foreslår
Friluftsrådet at Skodje kommune ser på moglegheita
til å sikre Storholmen og Kasholmen som
friluftsområde.
Ellingsøyfjorden og Skodjevika er særs viktige
båtutfartsområde for Ålesundregionen. Skodje-
bruene med holmane ligg som ei perle mellom
desse to område (27.01.2009).

Forvaltningsplaner for statleg sikra friluftsområde - Friluftsrådet ber om møte med Møre og Romsdal Fylke
Friluftsrådet har den 19.01 motteke svar frå Møre og Romsdal Fylke i samband
med at rådet har utarbeidautkast til forvaltningsplanar for dei 29 statleg sikra
friluftsområda i medlemskommunane.
Møre og Romsdal Fylke skriv i sitt svar at dei ikkje kjem til å prioritere
arbeid med desse planane i 2009. Direktoratet for Naturforvaltning stilte i 2004
krav om at Møre og Romsdal Fylke skulle utarbeide forvaltningsplanar for dei
statleg sikra friluftsområda inna 2005. Friluftsrådet har purra på dette arbeidet
fleire gongar, og valde til slutt å starte arbeidet sjølv. 
Utkast til forvaltningsplanar for områda iFriluftsrådet sine medlemskommunar
vart sendt Møre og Romsdal Fylke den 19.12.2008.
Direktoratet for Naturforvaltning sett krav om at område med godkjende
forvaltningsplanar skal verte prioritert i fordelinga av midlar til drift og forvaltning.
Møre og Romsdal Fylke sin manglande prioritering av dette arbeidet går truleg
ut over tildelinga frå Direktoratet til Fylket.
 
Friluftsrådet har difor no bedt om eit snarleg møte med Møre og Romsdal Fylke om saka
(23.01.2009).
  

Søkjer om 550.000 til aktivitetsarbeid
Friluftsrådet søkjer no i alt om 550.000 kroner til vårt Postvegmarsjen 2008
aktivitetsarbeid i 2009. Søknadene går til Møre og
Romsdal Fylke, Friluftsrådenes Landsforbund og
Kulturminneåret 2009.
 
Søknadene gjeld prosjekta;
* Læring i Friluft, som er eit tilbod til skule, sfo og
  barnehagane i medlemskommunane
* NATURLOS, som er eit prosjekt retta mot marknads-
  føring og gjennomføring av guida natur- og kulturvandringar.
* Prøve på...UNG, som er eit prosjekt retta mot born og unge
 
Ein søkjer og om midlar til å utvikle konseptet Prøve på... til å
omfatte andre grupper som t.d. innvandrarar, eldre med fleire
(23.01.2003).

Søkjer om 1 million til dei statleg sikra friluftsområda
Svinøya friluftsområde i ÅlesundFriluftsrådet har sendt Møre og Romsdal Fylke søknad
om tilskot frå friluftsmidla til drift av dei statleg sikra
friluftsområda i medlemskommunane. I alt vert det søkt om 
eit tilskot på vel 1 millioner av ein totalkostnad på 2,6 millionar.
 
Søknaden gjeld i alt 29 område. Friluftsrådet har heile driftsansvaret
for seks av områda og kommunane for tjue. For tre av områda er
driftsansvaret delt mellom Friluftsrådet og kommunane.
 
I søknaden ligg det inne kostnader til drift, skjøtsel og ulike
investeringstiltak. I tillegg ligg det inne kostnader til kartlegging
av tilgjenge/universell utforming av alle dei 61 områda som er
sikra på Sunnmøre og i Vestnes. Dette kartleggingsarbeidet
skal Friluftsrådet gjennomføre i løpet av 2009.  

Svartløken skiområde - Løypepreparering på nett!
Skigruppene til Skodje IL, Tomrefjord IL og Ørskog IL har fått installert GPS-sendarar på sine trakkemaskiner. Går ein inn på nettstaden www.skisporet.no så kan ein no sjekke sist løypene ikring Mevatn og Svartløken vart preparert.
 
Med utgangspunkt på Tomrefjellet, Fjellstova, Brauta i Solnørdalen eller Steinsæterskifte, Fylling og Storsæter i Engsetdalen har ein tilgong til eit skinett på om lag femti kilometer.

Friluftsrådets Julestjerne 2008 til Asmund Kristoffersen
Styret i Friluftsrådet vedtok på møte den 16.desember å tildele stortingsrepresentant Asmund Kristoffersen "Friluftsrådets Julestjerne".
 
Grunngjevinga for påskjønninga er den jobben han har gjort for å avgrense det foreslåtte kuttet i midlar på statsbudsjettet til
drift og tilrettelegging av statleg sikra friluftsområde. Dette gjorde at finanskomiteen fann rom for å auke ramma til miljøverndepartementet
med fem millionar kroner, noko som betyr at ein viktig del av auka i desse midla frå 2007 til 2008 og dermed satsinga inna område vert vidareført. 
 
Drift og tilrettelegging av friluftsområde er hovudarbeidsoppgåva til Friluftsrådet.

Læring i Friluft - Nyheitsbrev frå Friluftsrådet
Friluftsrådet har no sendt ut sitt fyrste nyheitsbrev til skuler og barnehagar i medlemskommunane.
I samband med dette er ni aktivitetsdagar fordelt og dei som får vitjing frå Friluftsrådet i løpet av hausten er;
* Norddal kommune - Kulturdag for 5-10.klasse
* 1-4.klasse ved Tresfjord skule
* Langevåg skule
* SFO ved Stordal skule
* Sjøholt skule
* 1-2.klasse ved Ellingsøy barneskule
* 9.klasse ved Godøy skule
* Tennfjord barnehage
* Tryggheim Vatne barnehage

Vel 150 gjekk årets Postvegmarsj
Årets Postvegmarsj i Ørskog vart arrangert den 14.september i saman med kulturminnedagen i Ørskog.
 
Vel 150 gjekk dei tre kilometrane langs den Trondhjemske Postvei medan nok like mange i tillegg kom og deltok på Kulturminnedag-arrangementet i Prestefjøra etter marsjen.
 
Arrangementet vart særs vellukka takka vere eit flott ver, glade deltakarar og eit fantastisk engasjement frå det lokale kulturlivet.
 
Langs Postvegen kunne ein oppleve ein gjeng dvergar frå teatergruppa til kulturskulen, aktivitetar og utdeling av frukt frå God Helse og friviljugsentralen samt muskikkinnslag både frå ungdommar frå trekkspelklubben og aspirantane til skulekorpset.
 
I Prestefjørå var det etter marsjen underhaldning ved Ørskog Skulekorps og Ørskogkoret, medan Ole Ellefsen frå Ålesund Museum kåserte om tema for dagen "mangfaldig fritid".

Vestnes kommune sikrar friluftsareal
Planutvalet i Vestnes kommune har vedteke å gå inn for sikring av 12000kvm friluftsareal
mellom Helland sentrum og Kråkneset.
Dermed vert tilkomsten til det allereie statleg sikra friluftsområde på Kråkneset og sikra til friluftsformål for framtid. Staten v/Direktoratet for Naturforvaltning vil stå som eigar av område.
 
Saka skal no opp i kommunestyret i Vestnes for endeleg avgjerd.
 
Friluftsrådet håper at vedtaket i planutvalet vert stadfesta av kommunestyret og ser fram til eit utvida samarbeid med Vestnes kommune og Møre og Romsdal Fylke/Direktoratet for Naturforvaltning om utvikling og drift av heile område frå Heland sentrum til Kråkneset.

Ny Ideperm "Læring i Friluft"
Friluftsråda og Friluftsrådenes Landsforbund lanserer no ein ny ideperm for 1-10.klasse.
Permen er en forbetra versjon av tidlegare permar. Her finn ein hundrevis av uteaktivitetar relatert til fag og kompetansemål i den nye læreplanen "Kunnskapsløftet".
 
Idepermen kostar 400 kroner + porto og kan tingast ved å vende seg til Friluftsrådet. 
 

45 frå Fagforbundet på kurs i "Læring i Friluft"
45 tilsette frå barnehage og skule fekk på Fagforbundet si samling i Spjelkavik den 24.april
ei innføring i "Læring i Friluft" med Friluftsrådet.
 
Friluftsrådet har i 2008 eit tilbod både om utedagar (elev-/lærarvegleiing) for skuleklassar
samt kurs for pedagogisk personale i skule og barnehagar.
 
Meir informasjon om Friluftsrådet sitt tilbod til skuler og barnehagar finn ein ved å
sjå under kulepunkt "Læring i Friluft"

Torleiv Rogne ny styreleiar i Friluftsrådet
Friluftsrådet sitt årsmøte vart halde på Sjøbuda i småbåthamna på Austnes på
Haramsøya den 26.mars.
 
Torleiv Rogne frå Haram vart på årsmøte vald til ny styreleiar. Nestleiar i det nye
styret vart May Britt Grindvik frå Skodje. Dei får med seg desse medlemma i styret i 2008;
 
Birger Honningsvåg (Giske), Arild Nærø (Norddal), Palma Flåen Øvrebust (Stordal), Arne
Birkeland (Sula), Kåre Gunnar Djupvik (Vestnes), Knut Sørdal (Ørskog) og Rune
Kleiven (Ålesund). (10.04.2008)

Drift av friluftsområde - auka tilskot!
Friluftsrådet har fått melding om ei gledeleg auke i tilskot til drift av friluftsområde.
 
Av 900.000 kroner totalt til fordeling i vår fylke har Møre og Romsdal Fylke no gjeve Friluftsrådet eit tilskot på 450.000 kroner. Dette er 250.000 kroner meir enn i 2007.
 
Auka i tilskotet skuldast at midla på statsbudsjettet til dette formålet vart auka monaleg frå 2007 til i år. Dette er ei auke som dei interkommunale friluftsråda og Friluftsrådenes Landsforbundhar arbeida for i mange år.
 
Midla skal gå til å drifte dei 28 statleg sikra områda i Friluftsrådet sine ni medlemskommunar.
(10.04.2008)